Sju grep for mindre biltrafikk

  1. Ver varsam med skilt. Fjern alle vegskilt for bilar utanom på hovudbilvegnettet. Skilt på hovudbilvegnettet bør vera så små at bilane må ned i gangfart for å sjå kva som står på dei. Skilt for all del ikkje i god tid, og skilt ikkje for slikt som alle oppdagar når farten er under 5 km/t. For ekstra effekt, snu ein del av skilta slik at dei peiker i feil retning.
  2. Stykk opp bilvegene. Eit samanhengande vegnett oppmuntrar berre til bruk. Kontrast er eit stikkord. Aktuelle vegkonsept: «parkeringsplass i midtrabatten» og «firefelts motorveg som går over til einvegskøyrd bygate utan varsel».
  3. Fokuser på hovudbilvegnettet. Eit par bilruter i kvar bydel får vera nok. Langs alle andre gater og veger kan bilar berre køyra i gangfart og slik at dei ikkje er til hinder for gåande, syklande og kollektivtransport. I sykkelgater, på fortau og gjennom kryss må bilistane gå ut og dytta bilen.cars_stuck_in_snow2
  4. Bruk bilvegene som snølager. Måk snøen frå sykkelfelt og fortau ut i køyrebanen. Avgrens eventuell måking av hovudbilvegnettet til nokre få prioriterte strekningar.
  5. Forby bilkøyring til skulen. Det hjelper ikkje om foreldre køyrer i fylgje med born. Dei færraste born er mogne nok til å lesa trafikkbiletet og skrika til når pappa held 50 km/t i 30-sona.
  6. Sikkerheit fyrst. Sjølv med bilbelte er risikoen for hovudskade stor. Hjelmpåbod gjer bilturen både tryggare og mindre lettvint – eit ekte kinderegg.
  7. Snakk opp biltrafikken. Sei aldri eit vondt ord om bilar og bilistar. Tvert imot: lat ingen sjanse gå frå deg til å framheva kor genial bilen er, og kva godt det gjer for byen når folk let sykkelen stå og tek bilen fatt. Underbygg dette med å lansera ein ny bilstrategi kvart tiande år eller så. Nykelen er å skilja mellom ord og handling.
Advertisements

One thought on “Sju grep for mindre biltrafikk

  1. Forslag: Man utvikler en app som man kan bruke når man ønsker at veibanen skal måkes eller ryddes for stein og annet. Her kan man ta bilde og skrive en liten melding til de som er ansvarlig for drift av veien. Man skal være garantert et svar senest innen 3 uker.
    Følgende saker kan ikke meldes via appen:
    1: Du kjører bil i Moria og en Balrog har knust brua du kjører på.
    2: Feilparkert sykkel blokkerer veibanen.

    Likar

Legg att eit svar

Fill in your details below or click an icon to log in:

WordPress.com logo

Du kommenterer no med WordPress.com-kontoen din. Logg ut / Endre )

Twitter-bilde

Du kommenterer no med Twitter-kontoen din. Logg ut / Endre )

Facebook-foto

Du kommenterer no med Facebook-kontoen din. Logg ut / Endre )

Google+ photo

Du kommenterer no med Google+-kontoen din. Logg ut / Endre )

Koplar til %s