[Framhald av fyrste akt: sykkelvegen som forsvann.]
Plan skal fylgja plan skal fylgja plan
«Når nyttårsrakettene skytes opp ved inngangen til år 2000, kommer store deler av Oslo sentrum ikke til å være å kjenne igjen», skreiv Aftenposten 12.09.1994. Eitt av prosjekta var «en ny sykkeltrasé tvers over Rådhusplassen».
Tusenårsskiftet kom og gjekk. Men kommunen var meir oppteken av å laga nye planar enn å gjennomføra dei eksisterande. I år 2000 vedtok bystyret å fjerna mesteparten av havnearealet i sentrum, for å opna byen opp mot fjorden. Visjonære planleggjarar og politikarar fekk vatn i munnen: «Utviklingen i Fjordbyen er en historisk sjansee til å forme nye deler av byen helt fra grunnen av.»
Fjordbyen skulle verta eit utstillingsvindauga for moderne byutvikling. Der har sykkelen ein viktig plass, i alle fall i idemyldringsfasen. Etter fem års intens tankeverksemd kom Fjordbykontoret (ei avdeling av Plan- og bygningsetaten) fram til at eit nytt «overordna grep for særlig prioritert sykkelveiforbindelse øst-vest gjennom sentrum» skulle greiast ut. Då var det, som vi hugsar frå fyrste akt, gått elleve år sidan sykkelvegen over Rådhusplassen vart fjerna – i strid med reguleringsplanen.
I februar 2006 vedtok bystyret for andre gong (!) at hovudsykkelvegnettet skulle fullførast. Eitt av vedtakspunkta som alle partia stilte seg bak, var at det skulle «etableres en tydelig og trygg sykkelveiforbindelse mellom øst og vest gjennom sentrum».
Mindre enn eit halvt år seinare, i juni 2006, vedtok det same bystyret reguleringsplan for bevaring av Vestbaneområdet. Her var den urealiserte sykkelvegen frå 1994 framleis med. I tillegg viste planen at det skulle lagast sykkelfelt i Dokkvegen.
Hadde planane frå 1994 og 2006 vorte realiserte, ville det vore samanhengande sykkeltrase frå Frognerstranda, over Munkedamsvegen, Dokkvegen og Rådhusplassen til Christiania torg. Ikkje med fullgod standard overalt, men mykje betre enn den faktiske stoda i 2015.
Men fagetatane rulla ikkje ut gravemaskinane denne gongen heller. I staden kvitterte troikaen Vegvesenet/Bymiljøetaten/Plan- og bygningsetaten med nok ein rapport: Fjordbyruten – forstudie av sykkelvei gjennom Fjordbyen. Konsulentane frå Norconsult hadde gjort ein grundig analyse av heile strekninga frå Filipstad til Bjørvika. Konklusjonen var at dei fleste parsellane måtte få langt meir ambisiøse planar enn før. Legg merke til «større enn»-teikna på denne tverrprofilen:
Med høgare ambisjonar på plass, kunne gamle planar trygt leggjast i skuffa. I 2008 vedtok bystyret dessutan å revidera gatebruksplanen. Det ville få fylgjer for sykkeltraseen gjennom Kvadraturen. Er det noko Oslo kommune kvir seg for, så er det å leggja til rette for sykling når nokon har ein plan som kanskje kan påverka sykkelvegen om nokre år. Snart gjekk det ord om at Nasjonalmuseet skulle plasserast på Vestbanetomta. For ikkje å nemna Fjordtrikken, som kanskje kanskje skulle gå der sykkelvegen eventuelt skulle byggjast. Best å venta og sjå.
Vegvesenet, som har ansvar for sykkelruta med det mildt misvisande namnet E18, venta til januar 2010. Då engasjerte dei COWI til å laga ein ny plan. Ikkje reguleringsplan, må vita – det skulle teke seg ut å gå så fort fram, berre seksten år etter at sykkelvegen over Rådhusplassen forsvann. Etter eitt års arbeid vart eit forprosjekt sendt ut på høyring. Som Fjordbyrapporten er dette eit utmerka stykke arbeid. Oppdragsleiar Guri Kauserud er ein planleggjar med beina trygt planta i sykkelpedalane.
Vil detaljreguleringa føra fram? Vert sykkelvegen over Rådhusplassen klar til 25–årsjubileet for fjerninga i 1994?
Svaret får du kanskje i tredje akt: Det store sambrukskuppet.
3 thoughts on “Mysteriet på Rådhusplassen: andre akt”