Salt og sykkel: eit enkelt reknestykke

Oslo kommune nektar å halda sykkelvegene frie for is og snø fordi vegsalt er eit miljøproblem. Ein dårlegare grunn skal Guri Melby & co leita lenge etter.

Frå presentasjonen Vinterforhold for gående og syklende, Statens vegvesen

Usalta [?] sykkelveg. Frå presentasjonen Vinterforhold for gående og syklende, Statens vegvesen

Ikkje alle veit at ansvaret for sykkelvegene i Oslo er delt mellom staten og kommunen. Men på vinteren er det lett å sjå skilnad. Der staten har ansvaret, er asfalten sjeldan dekt av meir enn eit tynt lag nysnø. Nokre timar etter siste snøfall er asfalten ofte heilt bar. Der kommunen har ansvaret, er snøskuter eller spark ofte eit betre framkomstmiddel.

Årsaka er kjend: NaCl, betre kjent som salt. Salt får snø og is til å smelta sjølv om gradestokken kryp ned mot 10 minusgrader. Statens vegvesen brukar salt for å halda «svart asfalt» på sin del av hovudsykkelvegnettet.1 Men Bymiljøetaten i Oslo kommune saltar ikkje, av omsyn til miljøet. Det er i alle fall det byråd Guri Melby seier når ho vert konfrontert med kor mykje vanskelegare det er å sykla på dei kommunale strekningane om vinteren.2 Bystyret har pålagt etaten å fasa ut vegsaltet heilt.

Det Melby ikkje fortel, er at kommunen saltar som berre det. Fleire tusen tonn salt går ut på vegene kvar vinter for at bilar og bussar skal koma seg trygt fram. Bymiljøetaten har nemleg ikkje funne noko godt alternativ til salt når gradestokken svingar rundt null. Snø som smeltar på dagen og frys til is på natta er vanskeleg å få bukt med utan kjemikalium. Då er salt både best og billegast.

Vinteren 2012 vart 6000 tonn salt spruta ut på kommunale veger og gater i Oslo.3 Den mildare 2013-vinteren spanderte Bymiljøetaten heile 8500 tonn.4 Skulle dei samla inn dette i form av bordsalt frå Oslofolk, ville dei måtta henta over 50 halvkilospakkar frå kvart hushald.5

Bortsett frå dei mest trafikkerte fortaua, er det berre motortrafikken som får nyta godt av isfri asfalt.3 Kommunen har ingen tradisjon for å salta sykkelveger. På ein måte er det lett å skjøna at byråden nølar. Skal ho stå ansvarleg for å trappa opp saltinga, når bystyret har vedteke det motsette?

Nederland og Danmark har for lengst funne fram til gode måtar å halda sykkelvegene frie for snø og is. Dei har færre snødagar enn oss lenger nord, men når snøen fyrst kjem, er det gjerne med temperaturar rundt null og fare for hålke. Løysinga er å kombinera kosting og saltlake. Kostinga fjernar snø, rusk og rask frå sykkelvegen, og saltlaken hindrar at det frys på. Er det mykje nysnø, kan det plogast i tillegg.

Denne metoden brukar langt mindre salt enn tradisjonell spruting av koksalt i køyrebanen. Saltkonsentrasjonen i laken er 20–30 %. Då Stockholm prøvde ut «sopsaltning» på sykkelvegene sine sist vinter, nytta dei som regel 10 gram lake (2–3 gram salt) per kvadratmeter. Evalueringsrapporten frå vegforskingsinstituttet VTI var eintydig positiv:6

Som helhet kan sägas att försöken med sopsaltning av utvalda cykelstråk i Stockholm hittills varit mycket lyckosamma och att det finns goda anledningar till att fortsätta med metoden även kommande vintrar.

Då burde reknestykket vera enkelt. Oslo kommune har ansvaret for rundt rekna 250 kilometer gang- og sykkelveger.7 Breidda er som regel 2–3 meter, ein sjeldan gong opp mot 5 meter der det er sykkelveg med fortau. Reknar vi med eit gjennomsnitt på 4 meter, tek vi hardt i, men det gjev runde tal: gang- og sykkelvegene dekkjer då eit areal på 1 kvadratkilometer.

Lat oss vidare gå ut frå at Oslo sist vinter ville greidd seg med same saltdosering som Stockholm, i snitt 2,5 gram per kvadratmeter. Det er det same som 2,5 tonn per kvadratkilometer. Går vi ut frå at vintersesongen strekkjer seg frå november til mars, er det omlag 150 dagar. I verste fall skulle det då gått med 2,5 tonn/dag * 150 dagar = 375 tonn salt til å halda heile det kommunale sykkelvegnettet is- og snøfritt sist vinter.

I praksis ville det ikkje vera naudsynt å salta kvar einaste dag. På den andre sida kan det av og til vera effektivt å leggja på meir saltlake.

Det interessante er storleiksordenen: 375 tonn er under 5 prosent av det byråd Melby og Bymiljøetaten såg seg nøydde til å spandera på bilar og bussar i fjor vinter.

Evalueringsrapporten frå Stockholm spekulerer i at saltforbruket på sykkelvegene må aukast ein del for å få like god effekt i kaldare vintrar. Men som vi har sett i Oslo, kan ein mild vinter utan stabile kuldeperiodar krevja meir salt for at motortrafikken skal få gode vilkår. Differansen mellom den kalde vinteren 2012 og den milde vinteren 2014 var 2500 tonn.

Å halda sykkelvegene frie for is og snø påverkar saltrekneskapen på line med å pissa i Oslofjorden. Miljøeffekten og samfunnsnytta av å få eit sykkelvegnett som kan brukast året rundt er så mykje større enn ulempene ved salting at det knapt gjev meining å samanlikna. Vinsten kjem ikkje berre av svart asfalt om vinteren. Grus i sykkelvegen er ei hovudårsak til at syklistar går over ende om våren.

Meir om feiesalting i Stockholm og andre svenske byar har Krister Isaksson skrive godt om på bloggen sin: Facit finns nu – sopsaltade cykelvägar är bättre.


  1. Statens vegvesen (2013): Alle har rett til å komme trygt fram. Brosjyre om de nye standardene for vinterdrift av gang- og sykkelanlegg 
  2. Sjå ein av dei mange avisartiklane med overskrifta Byråden lover bedre vinterdrift på sykkelveiene.  
  3. Aftenposten 19.02.2013: Oslo på glatta. Nokre høgtrafikkerte fortau vert salta: resten er hovudveger. 
  4. NRK Østlandssendingen 22.10.2013: Økt bruk av veisalt 
  5. 8500 tonn gjev 17 000 000 pakkar à 500 gram. Oslo hadde i 2011 316 423 privathushald (SSB). 17 000 000 / 316 423 = 53. 
  6. VTI (2013). Sopsaltning av cykelvägar
  7. Oslo har ansvar for 92,4 kilometer av det planlagde hovudsykkelvegnettet. Drygt 30 kilometer står att å byggja ut. Turvegnettet var i 2011 på 220–230 kilometer (Wikipedia), og overlappar til dels med hovudsykkelvegnettet. 

5 thoughts on “Salt og sykkel: eit enkelt reknestykke

  1. Kåre Wenger seier:

    Hva er feil her? De har saltet. Ser at snøen er gul av salt. Den verste guffa man kan sykle i.
    Typisk mislykket opplegg, salte gangveier og ikke måke.
    Man trenger kun god brøyting, strøingen er primært for fotgjengere. Man må ha piggdekk uansett om vinteren for å kjøre trygt.
    Saltet ødelegger sykkel. Hvis man er «hverdagsyklist», er man vel ikke interessert i å stå og vaske, tørke og olje sykkelen hver gang man har brukt den.

    Likar

    • kvardagssyklist seier:

      Salting utan skikkeleg brøyting og kosting er ille, ja – og diverre ei vanleg løysing på vegnettet. Men det treng ikkje vera slik. Erfaringane frå Sverige viser at metodane som er vanlege i Nederland og Danmark òg kan fungera til å halda svart asfalt på sykkelvegene her til lands.

      Illustrasjonsbiletet er frå gang- og sykkelvegen mellom Bjerke og Linderud, langs Trondheimsvegen i Oslo. Det er ein av strekningane der Statens vegvesen dei siste åra – etter at biletet vart teke – har oppgradert vinterdrifta til svart asfalt-standard. Mesteparten av tida er asfalten heilt bar. Har du uflaks og syklar midt i eit snøvêr, kan du oppleva eit par centimeter nysnø på vegen. Innan ein times tid er ein traktorkonvoi ute og måkar, kostar og saltar. (Eg har sjølv støtt på den eit par gonger. Litt av eit syn.) Med bruk av saltlake i staden for tørt salt kunne resultatet kanskje verta endå betre, med mykje mindre saltforbruk attpåtil. Men allereie slik det er no, er det godt nok til å sykla – og gå – trygt utan broddar.

      Likar

  2. Jeg sykler selv om vinteren og verken ønsker eller krever at veiene/ sykkelveiene skal være saltet eller ha svart asfalt. Den største utfordringen er absolutt IKKE asfalt dekket av hardpakket snø/ is, men dyp snø. Det viktigste er derfor brøyting. Jeg har snakket med mange vintersyklister både på nett og i virkeligheten og alle mener det samme som meg.

    Saltingen av sykkelveien er sterkt uønsket fordi det medfører store skader på sykkelen og da spesielt gir og bremser. Piggene blir fort nedslitt/ sløve. Dessuten representere saltede veier/ sykkelveier en falsk trygghet, fordi de kan FREMSTÅ som bare men i virkeligheten ha et tynt lag av saltholdig is. Har opplevd dette selv flere ganger og den isen er forferdelig glatt.

    Med vinterdekk/ piggdekk på sykkelen er bruk av veisalt fullstendig unødvendig for vintersyklister. Alle jeg har snakket med bruker vinterdekk/ piggdekk. Diskusjonene går ikke på om en skal bruke vinterdekk eller ikke, men hvor mange pigger som er best og hvilke dekkmerker som er best, har best pris osv.

    Ingen seriøse vintersyklister bruker dekkene som fulgte med sykkelen når de skal sykle om vinteren. En går på trynet så fort en kommer over på snø/ is.

    De eneste som kan tenkes å ønske/ kreve å sykle på svart asfalt dekket av saltlake er de som har gamle billigsykler de IKKE bryr seg om og fortsatt har de gamle dekkene som fulgte med sykkelen fra butikken.

    Når de som styrer saltbøssa påstår at det er vintersyklistene som ønsker salt er dette med andre ord usant.

    Likar

Kommenter innlegget