Den store fortausfiaskoen

Fredrik Schreiner var ein ivrig syklist og byråkrat i Aker kommune. Ein gong før 1948, då Aker slo seg saman med Oslo, sytte han for ein kvit strek på fortauet mellom Skøyen tennishall og Skøyenbrua. Streken fanst der enno då Bjørn Bjørnseth (H) freista spreia det glade sykkelevangeliet i Oslo bystyre i 1967. Han meinte det var eit utmerka tiltak, og lurte på om ikkje noko liknande kunne gjerast fleire stader i byen. I tillegg til ei delelina føreslo han å leggja skrå kantstein i kryssa, slik at folk kunne sykla over utan å måtta stiga av sykkelen.

Schreiner – no kommunikasjonsrådmann i Oslo kommune – deltok i bystyremøtet. Han var samd i at det kunne fungera «under forutsetning av at syklistene oppfører seg så pent som Bjørnseth og jeg gjør når vi sykler». Men, la han til, «faren er jo at ikke alle syklister er så fromme».

Trass ihuga innsats frå Bjørnseth og sykkelkomiteen i bystyret, nekta administrasjonen å leggja til rette for delte fortau. Saka løyste seg fyrst med dei nye trafikkreglane i 1978, som tillét folk å sykla på fortauet så lenge det ikkje var til hinder for fotgjengarane.1 Då bystyret vedtok sykkelvegplan i 1979, tala teknisk rådmann plutseleg varmt om korleis fortaua med enkle og billege grep kunne fungera som sykkeltrasear.2 Tre år seinare var fleire trasear på plass, mellom anna i Enebakkvegen.3

Hovudsykkelvegplanen frå 1990 børsta støvet av sykkelfortauet. Breie fortau var lågthengjande frukt for komiteen bak planen, som ikkje minst var opptekne av å finna enkle og rimelege løysingar. Fleire strekningar vart snart merkte opp og fekk nedsenk i kryssa. Sognsvegen og deler av Ring 2 vart lagd til rette for sykling på denne måten. Men allereie i 1993 viste ein rapport frå Oslo vegvesen4 at sykling til/frå fortau var overrepresentert i ulukkesstatistikken. Langt frå alle sykla like pent som Bjørnseth og Schreiner i si tid. Sykling mot køyreretninga på fortauet var (og er) lovleg, men rapporten viste at det var seks gonger farlegare enn omvendt.

Det toppa seg i 1997. Syklistar tok oppmerkinga på alvor, og sykla på fortauet som om dei hadde lov til å gjera det i meir enn gangfart. Aftenposten fylte spaltene med forbanning av «råsyklinga». Politiet, som heile tida hadde nekta å skilta sykkelfortaua, klaga til departementet, som slo fast at oppmerkinga var ulovleg. Til slutt tvang Vegdirektoratet kommunen og vegvesenet til å fresa bort alle sykkelsymbola.5

Så ille var stoda at Syklistenes Landsforening allierte seg med Oslo politikammer for å fjerna oppmerkinga. Analysen av sykkelulukkene i Oslo 1992–1996 støtta opp om fjerninga. At fortaussykling var farleg, hadde vore kjent lenge. No viste statistikken dessutan at fortaua med sykkelmerking var langt farlegare enn dei utan.6

Slik enda det store sykkelfortau-eksperimentet med at fleire kilometer av dei viktigaste lenkene på sykkelvegnettet forsvann. Stortingsrepresentant Anders Hornslien (Ap) reagerte. Problemet, meinte Hornslien, var manglande skilting og uklare reglar. Fånyttes prøvde han å få sin eigen samferdsleminister, Sissel Rønbeck, til å endra trafikkreglane. Sykkelfortauet var ein dårleg ide heile vegen, men Hornslien hadde eit poeng. Folk slutta ikkje å sykla på fortauet langs Ring 2 og andre stader då oppmerkinga forsvann. Så seint som i 2012 vart ein syklist køyrd ned og drepen av bussen utanfor Ullevål sjukehus, etter å ha kollidert på fortauet med ein syklist som sykla mot køyreretninga.7

Den neste hovudsykkelvegplanen, frå 1999, føresette at sykkelfortaua skulle bytast ut med sykkelfelt. Det tok berre ein femten års tid å få på plass i Sognsvegen. På Ring 2 er sykkelfeltet tidlegast klart i 2019.8 Enebakkvegen er eit lite lyspunkt. Her føreslår Statens vegvesen å byggja om ein del av sykkelfortauet til «danske» sykkelbanar – det vil seia slike som Oslo hadde på 60-talet.9 Meir om det i eit seinare innlegg.


  1. Erik Sivertsen (1999): Tilrettelegging for sykkeltrafikk i «indre by» Oslo. Hovudoppgåve i samfunnsgeografi, Institutt for sosiologi og samfunnsgeografi, Universitetet i Oslo. Side 61 
  2. Referat frå møte i Oslo bystyre 9. mai 1979, s. 32 
  3. Pål Jensen (1982): Sykkelens fremtid og fremtidens sykkel. Side 15. 
  4. Eivind Kvambe (1993): Sykkelulykker i Oslo. Ulykkesanalyse for årene 1991 og 1992. Oslo, Oslo veivesen, Trafikksikkerhetskontoret, Rapport. Referert i Sykkelhåndboka (Statens vegvesen 2003). 
  5. Sykkelmerking på fortau er ulovlig. Aftenposten Aften 05.08.1997. 
  6. Rapport referert i «Kommunens merking er direkte farlig.» Aftenposten Aften 07.08.1997. Eg veit ikkje i kva grad analysen kontrollerte for at strekningane med oppmerking kan ha hatt større trafikk av både syklar, fotgjengarar og motorkøyretøy, enn strekningane utan. Kommenter gjerne nedanfor dersom du kjenner til originalrapporten. 
  7. – Syklist må frifinnes for drap. NRK Østlandssendingen 18.09.2013. 
  8. Ring 2 fra Blindernveien til Vogts gate. Bymiljøetaten. 
  9. Prosjekt E6 sykkelrute Enebakkveien 

2 thoughts on “Den store fortausfiaskoen

Kommenter innlegget